Barnehagedagen i Bakken barnehage

 

Foto: Serina Sørfonn.

– Tysdag 1. mars blir den årlege Barnehagedagen markert over heile landet. Tema i år er ”Les høgt for oss!”, og vi ynskjer å synleggjera barnehagen sitt arbeid med å sikra barn ei god språkutvikling, skriv Torunn Aarskog i ein e-post til Fitjarposten.

Og ho legg til: – Denne dagen vil høgtlesing stå i fokus! Vi fyrer i grillhytta og vil ha koselege lesestunder der.

Velkommen til alle som ynskjer å sjå korleis me har det i barnehagen og spesielt velkomen til dei som søkjar barnehageplass frå hausten!

Dei som står bak Barnehagedagen er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalget for barnehagar.