Telenorkundar utan nett

På grunn av skade på ein sjøkabel ved Rubbestadneset er Telenor-kundar i området vårt utan nett for tida.

Det var rundt kl 10.00 i går føremiddag at skaden skjedde, og kundane har vore utan nett sidan det. I samtale med Fitjarposten kunne ikkje Telenor lova at nettet var tilbake før måndag ettermiddag. 

Om ein kan tru på det.

I går var meldinga at netttilgangen skulle vere på plass igjen kl 19.10.