Russen med krafttak mot kreft

Sesilie Ø. Johansen (t.v.) og Emma Ersland vonar folk vil ta godt imot fitjarrussen når det kjem på døra for å samle inn pengar til kreftsaka søndag 6. mars. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Søndag 6. mars skal russen på Fitjar vidaregåande skule gå med børser for å samla inn pengar til «Krafttak mot kreft»

 – Me begynner å gå klokka 16.00 og håpar alle tar ut kontantar, og tar godt i mot bøsseberarane!  I år skal pengane gå til forsking på uhelbredeleg kreft, seier Sesilie Ø. Johansen og Emma Ersland til fitjarposten.no.

 

Dei to er med i russestyret og står i spissen for aksjonen.

– Dei fleste av russen er ganske engasjert i dette seier dei, og fortel at dei allereie har hatt kick off. 

 

– Då kom aksjonsleiaren i Krafttak for kreft på Vestlandet og heldt foredrag og orienterte om saka. Vona er at ein skal finne medisinar som funkar, seier Sesilie og Emma som synest det er kjekt å få bidra med noko meiningsfylt i russetida.

 

Då er det berre å vona at russen vert vel mottekne når dei kjem på døra søndag 6. mars.