Stadig fleire fitjarbuar

Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Folketalet i Fitjar var pr 1/1 -2016 på 3140. Det er 47 fleire enn pr 1/1- 2015.

 – Om ein ser på tala frå 211-2016, snakkar me om ein auke på 220 personar. Det er godt over halvfull Kultursal, og det er svært gledeleg, sa ordførar Wenche Tislevoll under formannskapsmøtet i dag. 

Då er ho vel vitande om at om Fitjar får 3200 innbyggjarar, vil me miste småkommunetilskotet på 5, 5 millionar kroner. 

– Dette er noko me har jobba for, og det er kjekt med folkeauke i bygda uansett, sa ho, og meinte at me har det fantastisk bra i Fitjar i dag.