Hurra for lokalsjukehuset vårt!

Foto: Standley Carlsson

Både dagleg leiar Torill Karin Hartvedt  og redaktør Håkon C. Hartvedt i Fitjarposten har denne vinteren vore akutt innlagt på Stord sjukehus. Og begge løftar tommelen opp for det lokale sjukehuset. 

Begge fortel om eit svært godt møte med sjukehuset sin faglege kompetanse  – og omsorga som var synt frå alle personane dei var i kontakt med.

– No vil me takke både ambulansepersonell, legar, avdelingspersonell, fysioterapeut, ergoterapeut, nevropsykolog for dyktig og god behandling – og ikkje minst Vår Herre som gjer at alt gror og lækjast som det skal når sjukehuspersonalet har gjort sitt gode arbeid, seier dei.

Dei har òg lyst til å leggja til: – Hurra for lokalsjukehuset vårt!