Hovstø, Hofstad eller Hogste?
Hovstø, Hofstad eller Hogste? Foto: Håkon C. Hartvedt
Det er reist namnesak på fleire namn i Fitjar. Saka har no vore ut til høyring. I morgon skal ho opp i formannskapet.
Rådmannen gjev følgjande framlegg til vedtak:
«Fitjar kommune viser til høyringstema i saksdokumenta, og innkomne uttalar.
Kommunen konstaterer at dei aller fleste som har gjeve uttale ser ut til å vera samde i konklusjonane under kommunen si vurdering.
Kommunen meiner gardsnamna bør skrivast: Rydland, Raunholm, Hogste, Sæterbø, i samsvar med uttalar frå grunneigarar, og tidlegare vedtak i kommunen.
Vistvik/Vestvik bør skrivast Vistvik i ubunden form. Ubunden form gjeld og Engevik.
Kommunen konstaterer at dei langt fleste vil ha gards- og øynamna i ubunden form, med ending -vik og –øy. Alternativet er o-ending.
Kommunen stør denne konklusjonen. Kommunen rår til skrivemåten Sandvikvåg og Smedholmen for desse to stadnamna.
Gardsnamnet Skålavik(jo) og stadnamnet Grønavikjo kan utsetjast til ny handsaming, jf vedtak i klagenemnda.»