Banklokalet, Larsenbygget eller…
Banklokalet er igjen eit av alternativa politikarare skal vurdere med omsyn til plassering av nytt helsesenter. Arkivfoto: FP/HCH
Formannskapet vedtok i sak 105/15 å berre gå vidare med tre alternativ når det gjeld nytt helsesenter: Larsen-bygget, delt løysing i FBB eller bygg på eigen tomt ved Rådhuset. No rår Rådmannen til òg å ta banklokalet med i vurderinga.
Årsaka til det er den nye situasjonen som har oppstått etter at Sparebanken Vest har gått ut med at dei vil leggje ned avdelinga i Fitjar.
Banklokalet vart tidlegare sett på som uaktuelt på grunn av for lite areal, men når banken no flyttar ut av Todlakbygget, kan Todlak AS no tiby rundt 510 kvadratmeter i 1. etg. Då er det eit aktuelt alternativ, så rådmannen rår til følgjande vedtak i formannskapsmøtet i morgon:
«Alternativet med Todlak AS vert teke inn att til vurdering, og vert å greie ut vidare. Formannskapet tar elles saka til vitande»
Då står ein igjen med fire alternativ:
1. Larsen-bygget
2. Delt løysing i FBB
3. Bygg på eigen tomt ved Rådhuset
4. Banklokalet
Endeleg avgjerdsle i saka vert teken seinare.
Larsenbygget er framleis eit sterkt alternativ. Foto:FP/HCH