– Me kastar meir

 

Godt besøk på miljøsentralane. Foto: SIM

Innbyggjarane i Sunnhordland kasta i snitt 464 kg kvar i 2015. Det er 49 kg meir per person samanlikna med 2014, då kvar og ein av oss kasta 415 kg. Det skriv SIM i ei pressemelding. 

I pressemeldinga kan me vidare lese at den største auken er me på avfallet som kjem inn på miljøsentralane. Det viser igjen i besøksstatistikken. Miljøsentralane hadde ein auke på 12,6 % frå 2014 til 2015. Totalt var 66 493 kundar innom ein av SIM sine miljøsentralar i fjor.   

– Det er sjølvsagt gledeleg at innbyggjarane tek i bruk miljøsentralen. Det tyder på at den er eit populært og nyttig tilbod. I tillegg viser det at folk er flinke til å kaste avfallet der det høyrer heime, seier plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM, Janne Hillersøy.  

Opprettheld trend 
Det har i lengre tid vore ein trend der mengda papir henta på innsamlingsruta går ned, medan mengda papp levert på miljøsentralen aukar. Den trenden held seg, sjølv om nedgangen berre er på 1,7 % i år. Dei totale mengdene avfall som vart kasta i SIM-kommunane auka med om lag 4 % frå 2014 til 2015.  

Mengdene på innsamlingsrutene, altså det som vert henta heime hos folk, auka med om lag tre prosent. Så desse tala har halde seg nokonlunde stabile dei siste fem åra. Auken frå 2010 til 2015 har vore på 7,5 %.   

– Det er ikkje mykje, samanlikna med auken me har hatt på miljøsentralane. Berre frå 2014  til 2015 var auken på 25 %, påpeikar Hillersøy.