«Jeg må vel ha gode gener da»

 

Sitatet er henta frå ei heilside i dagens papirutgåve av BA, og det tilhøyrer Pål Haugen Lillefosse. Og genane han snakkar om kjem frå Fitjar.

Pål er nemleg son av Arne Lillefosse, som igjen er son av Gerd og Peder Lillefosse – alle kjende namn frå friidretten i Fitjar. Men Pål, som me òg tidlegare har skrive om, har teke det heile eit stort steg vidare. 

I fjor sette han verdsrekord i stavsprang for 13 åringar. No er han 14. Persen hans er 4,83. Det er europarekord. Verdsrekorden for 14 – åringar er på 4,91. – Den vil eg gjerne ta før eg fyller 15 i juni, seier han til BA.

Utruleg allsidig
Men det stoppar ikkje der. I tillegg til sitt fenomenale resultat i stav, har han aldersrekord i Norge i lengde, på 80 m hekk, på 60 m hekk innandørs, 100 m, 200 m og 300 m.

Likevel er det stav han vil satse på.

– Eg er ikkje særleg god i kast og lange løp, så mangekamp er eigentleg ikkje noko eg satsar på no, går det fram av det han vidare seier til BA.

 

I stav har han då òg ein svært rutinert trenar i finske Paavo Moilanen som dei siste 20 åra har vore trenar i Norge.

– Pål er eit veldig stort talent, og eg vil vere trenaren hans så lenge eg orkar og så lenge han treng meg. Pål har ekstrem fart. No jobbar me med styrken, seier Moilanen.

Det store målet for Pål Haugen Lillefosse er U17-VM i Kenya om nokre år. 

–Eg har allereie hoppa høgare enn kravet, og dersom utviklinga fortset er eit VM -gull fullt mogeleg, seier han til BA, til slutt.