Kultur -venskap – samhald

 

 Dagleg leiar i Mestervindu AS, Arvid Birkeland, flankert av to av dei tilsette: Linn Kathrine Wesvik (t.v.) og Leif Andre Tangen (t.h.). Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Tittelen er slagordet til Mestervindu AS som overtok drifta på Sjoareset for eit år sidan. Og det har gått bra, både med bedrifta og slagordet.

 Dagleg leiar Arvid Birkeland løftar stadig fram dette slagordet, og det å ta vare på kvarandre, overfor dei tilsette. – Mestervindu er vår arbeidsplass og vår fabrikk saman, seier han.

 

– Det første året etter at me overtok etter J. Fjeldtvedt AS har elles gått  over all forventning,  og det skal dei tilsette ha æra for, seier Birkeland vidare.

 

Spesielt peikar han på gløden hos dei tilsette.

 

– Heilt i frå første stund opplevde dei nye eigarane at dei vart teken godt imot av dei tilsette.  Det var ein glød som strålte mot meg då eg stod framom dei på matsalen og orienterte for eit år sidan. Og gløden er der enno, smiler han.

 

Kundane, kommunen og lokalbefolkninga 

– At kundane våre har teke godt imot oss og vore hyggjelege og flinke, har òg bidrege sterkt til at dette har gått bra. I tillegg har det betydd svært mykje  at Fitjar kommune ved ordførar og rådmann, Kraftlaget og den lokale befolkninga, så tydeleg har vist at dei synest det er flott at vi eksisterer i her på Fitjar – ei perle av menneske og natur, fortset Arvid Birkeland.

 

Budsjett på 85 millionar

Mestervindu har lagt opp til eit budsjett på 85 millionar kroner i inneverande år og ventar i mai at den første investeringa er på plass. Det er ein ny maskin til ca 2,6 millionar som skal auke effektivitet og kvalitet på produkta. 

 

– I 2015 selde vi for 62 millionar på 10 månader, og vi har difor tru på at 85 millionar er realistisk for heile 2016.

Lokaliteta er gode, og vi har ca 6000 m2 til rådvelde. I  tillegg leiger vi litt lagerplass hos Bring. Maskinparken er av varierande kvalitet, med noko nytt og noko gamalt. Det betyr at vi blir heilt nødt til å fortsetje med nye investeringar i tida framover, let Birkeland

 

Godt styringssystem

Ein stor styrke for bedrifta er at dei har eit svært godt styringssystem innan EDB.  Det  styrer heile produksjonen, integrert med sal. Systemet må stadig utviklast vidare, men dette har dei svært gode ressursar til internt. 

 

Gler seg til kvar dag

– Vi har som du forstår ein svært god arbeidstokk, både i produksjon, drift, sal og administrasjon, og eg gler meg til kvar einaste dag her på Fitjar.
Heile mitt yrkesliv har eg vore oppteken av kultur.  Kultur i denne samanhengen er: Slik vi har det hos oss.

Spørsmålet blir då: – Korleis får vi det godt hos oss? Difor må me jobbe med kulturen og dei menneska som er knytt til denne, seier ein inspirert dagleg leiar, Arvid Birkeland, til slutt.