Tid for å søkje barnehageplass

Illustrasjonsfoto: Frå Årskog barnehage. Foto: FP-arkiv/HCH

Fitjar kommune gjennomfører samordna opptak for alle barnehagar i kommunen. No er det tid for å søkje plass for barnehageåret 2016-2017.

På heimesida til Fitjar kommune heiter det:

• Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan fristen for hovudopptaket rett til å få plass i barnehage innen august.

• Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen det er busett.

• Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage.

• For barn med rett til prioritet er det inga nedre aldersgrense.

Regjeringa ynskjer å gje fleire barn rett på barnehageplass. Departementet har difor sendt på høyring eit forslag om å utvida retten til barnehageplass. Forslaget betyr at barn fødd i september og oktober vil ha rett til barnehageplass den månaden dei fyller eitt år. Den utvida retten trer truleg i kraft frå hausten 2016 dersom han vert vedteken.

 Kommunen kan oppfylla retten til barnehageplass på tre måtar:

1 Barnet får første ynskje oppfylt

2 Barnet får andre ynskje oppfylt

3 Barnet får eit tilbod i annan barnehage

 

Fitjar kommune har eitt hovudopptak med søknadsfrist 1.mars. I tillegg er det løpande tildeling av ledige barnehageplassar gjennom året. Dersom ein vil krevja retten til plass, må søknaden vera sendt innan fristen for hovudopptaket, som er 1. mars. 

Les meir på heimesida til Fitjar kommune.