Ny kontrakt til Wärtsilä på Fitjar

Illustrasjon: Wärtsilä Ship Design Norway.

– Wärtsilä Ship Design på Fitjar har signert kontrakt for leveranse av design til eit skreddersydd dykkarfartøy for redningsoperasjonar på store havdyp, heiter det i ei pressemelding frå Wärslilä.

Skipet skal byggjast for det kinesiske selskapet Shanghai Salvage Bureau (SSB). 

Dette er en stor kontrakt for Fitjar-selskapet, og den andre kontrakten skipsdesignarane har vunne så langt i år. Den første kontrakten gjaldt design av et krillfartøy, som òg skal leverast til et kinesisk selskap.

Fartøyet skal òg utføre røyrleggings- og konstruksjonsarbeid, og det er første gong desse eigenskapane blir kombinert i eitt og same fartøy. Vidare skal båten byggjast for DP3 som er den høgste klassen innan dynamisk posisjonering. 

– Wärtsilä vart valt på grunn av at me er sterke innanfor begge desse områda. Kontrakten syner igjen verdien av dei sofistikerte og integrerte systemdesignane som Wärtsilä utviklar for marinemarknaden, seier Riku-Pekka Hägg, Vice President, Ship Design, Wärtsilä Marine Solutions.