14 medaljar til karateklubben

Framme frå venstre: Andrea, Leander, Daniel, Emil, Lars Olai og Linnea. Bak frå venstre: Alexandra, Katarina, Victoria og Brita Helen. Helena var ikkje til stades då bilde blei teken. Foto: Privat

Fitjar Shotokan Karateklubb hadde 11 juniorar med på JKA sin juniorcup i Fyllingsdalen idrettshall, søndag 14.februar. Dei kom heim att med ein gedigen medaljefangst.

Cupen vart arrangert av Bjørgvin Karateklubb, og det var totalt 171 påmeldte utøvarar i alderen 7 til 18 år.
 
Alle deltakarane frå Fitjar gjorde ein kjempeinnsats, og resultatet vart altså imponerande 14 medaljar. 
 
Alexandra fekk gull i kata og gull i kumite. Leander slo til med gull i kata og gull i kumite. Helena hausta gull i kata og bronse i kumite.
 
Victoria kunne reise heim med sølv i kata og bronse i kumite, Brita Helen med bronse i kata og bronse i kumite og Andrea med sølv i kata. 
 
Linnea fekk sølv i kata. Daniel sølv i kumite, og Katarina sølv i kumite.