Suksess for bygdekvinnesamling

God mat og stemning i Peraløo. Foto: Bjørg Strømme

Over 90 bygdekvinner var samla på Fitjar i helga under arrangementet «Bygdekvinnestreif». Som Fitjarposten tidlegare har skrive var den eine av desse to årlege samlingane lagt til Fitjar i år.

Bygdekvinnene vart ønskt vekomen med kaffi og noko å bite i. Foto: Bjørg Strømme

På programmet stod foredrag og kaffisamling  i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg.

Karvel Strømme fortalde om poteta si historie i Fitjar, Margunn Hauso, leiar i HBK presenterte  nytt fra fylkesstyret. og Grethe Brundtland frå sentralstyret fortalte om NBK sitt store prosjekt: «Bygda i bevegelse».

Margunn Hauso. Foto: Bjørg Strømme.

Grethe Bruntland. Foto: Elin Korneliussen

Seinare var det samling i Peraløo med rømmegraut med  spekekjøt, kaffi og lefser.

 Knirkefritt
Leiar i Fitjar bygdekvinnelag Lilli Ann Drønen seier i etterkant at ho er meir meir enn fornøgd over at alt gjekk knirkefritt.  

– Det kom 90, og jammen fekk me plass til alle alle 90 i Peraløo, smiler ho. I ein parentes kan me nemna at dei berre var 70 i Ulvik i sommar.  

Glad for å kome til Fitjar 
Bygdevinnene som kom utanbygds frå gav uttrykk for at det var kjekt å kome til Fitjar. Mange hadde aldri vore i Fitjar før, og dette var ikkje siste gongen dei skulle hit, let det.

– Det kunne gjerne vore fleire med av dei lokale bygdekvinenne, elles var alt alt berre positivt, konkluderer Drønen, som i tillegg til medlemene i styret fekk god hjelp frå andre medlemer under arrangementet.

Ny giv
 – Desse samlingane er ikkje berre sosiale samkome. Dei gjev og ny giv og inspirasjon til medlemene, seier både Lilli Ann Drønen og Bjørg Strømme. Sistnemnde sit i fylkesstyret.

– Stor takk til styret i Fitjar Bygdekvinnelag! Foto: Bjørg Strømme.