Lesarbrev frå Annar Westerheim

Dåfjording Annar Westerheim har sendt oss eit lesarbrev vedrørande Sjøtroll Havbruk AS sin søknad omutviding av areal på Lokalitet 11492 Storevikholmen. Lesarinnlegget kan du lese nedanfor.

Westerheim skriv:

«I vedtaket til søknaden har ikkje lokalbefolkningen nådd fram med sine innspel til flytting av anlegget som skiftar frå stigefortøyning ar til rammefortøyninger. Spørsmålet er om ikkje søknaden bør venta til kystsoneplanen vert handsama.

Slik vedtaket vert no har Sjøtroll fått gehør for alle sine synspunkt, medan lokalbefolkningen får kvardagen foringa med tap av gode fiskeplassar langs land ved Kuneset, til sør forbi Skardaneset.

I konklusjonen står det at det ikkje er i strid med strandlinja, det er det som er hovedproblemet med fortøyningar på grunt vatn langs strandlinja som hindrar fiske med garn.

Her har vore fiska torsk og sei i årtier, både av yrkesfiskarar og fastbuande frå Sagvåg, Rubbestadneset og Koløyholmen.

I dei seinare tider har området vore nytta av yrkesfiskarar som kjem lengre frå, så det er med undring at fiskarlaget lokalt ikkje har komme me Innspel.

Ellers kan det nemnast at det er langt mellom reketrålarane i området.

Det er lagt stor vekt på at det fri ferdsel rundt anlegget, men med 4 fortøyningar på grunt vatn mot Skardaneset ,og eit spindelvev med fortøyningar inn mot land frå Hermansholmen og nordover.

Er det berre fiske med flytegarn som er mogeleg? Men det er så vidt oss bekjent ulovleg.

Med ny plasering taper me eit område på tre gonger så stort areal under vatn som det som er synleg på overflata. Ellers er det 12 anlegg frå Bømlabrua og nordover til Ålfåro, og med resistent lakselus på veg mot Sunnhordland frå Osterfjorden via Austevoll er det store oppgaver å ta tak i.

 Til samanlikning: Hadde ein bedrift sperra av eit så stort naturområde i eit mykje nytta turområde på land,ville det skapt stor oppstandelse.

 

Mvh.
Annar Westerheim
på vegner av ein skuffa lokalbefolkning.