Sveinung Hølmebakk tilbake til Fitjar

Sveinung Hølmebakk. Pressefoto.

Sveinung Hølmebakk hausta stor fagnad sist han var i Fitjar. No kjem han tilbake og har konsert på temakvelden i Fitjar Kyrkje torsdag 18/2 kl 19.30.

På konserten vil han syngje songar frå den nye CD-en sin «Snart gryr ein dag», som kom ut i sommar.

– Eg likar å syngja både viser og songar frå det typiske tenor-repertoaret, i tillegg til at eg syng songar med kristent innhald på konsertane mine. Eg syng om det som opptek meg, og trua er ein viktig del av livet mitt, fortel Hølmebakk som kjem frå Karmøy. Han bur no i Kristiansand.

 Nordic Tenors
Hølmebakk er ein av dei tre medlemmene i Nordic Tenors. Han har mastergrad i utøvande song frå Griegakademiet. Vidare har han studert musikkvitskap ved NTNU Trondheim og Universitetet i Oslo.

Hølmebakk har delteke i ei rekkje TV-program: Beat for Beat, Ti på Topp, Kvelden før kvelden, Sommeråpent og Førkveld.

Saman med Nordic Tenors vann han Komiprisen for Beste Nykommer i 2006 og var musikalsk toastmaster i Kong Harald sin 70. årsdag.

– Me ønskjer velkommen til ei stor oppleving med skjemt og alvor i Fitjar Kyrkje!!, skriv Eli Simonsen i ei pressemelding.