– Kjempebra start for Fridleif

Kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen i gang med sin første gudsteneste i Fitjar kyrkje. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det seier kyrkjeverje Harald Rydland til fitjarposten.no etter at den nye kyrkjelydspresten, Fridleif Lydersen, vart innsett som ny kyrkjelydsprest i FItjar Sokn i Fitjar kyrkje i dag. Lydersen sjølv bidro med både humor og alvor.

 Humoren kom fram like etter ei vakker helsing frå prost Svein Arne Theodorsen då Lydersen ønskte velkomen til si første gudsteneste i Fitjar kyrkje.  Han sa: – I dag på vi ta vare på mødrene våre, for det er morsdag. Og så må vi ta vare på sønene våre, for det er søndag. I morgon må me ta vare på mennene våre, for det er man(n)dag.

Prost Svein Arne Theodorsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

I talen sin heldt han eit alvorleg og sterkt fokus på det kjende ordet: – Skje din vilje!

I si helsing i kyrkja minna prosten nyepresten først og fremst om at han er Guds barn. – Det er mange som har store titlar, men ingen ting er større enn å vere Guds barn. Lukke til med å vise fitjarfolket kva rikdommar dei har i dåpen, sa han mellom anna.

Rundt 200 var på plass i kyrkja. Litt færre fann vegen til festen på bedehuset etterpå. Her vart det god mat og mange helsingar. 

Nestleiar Sigrid Fangel helste frå soknerådet, prosten helste òg her, varaordførar Agnar Aarskog helste frå kommunen, sokneprest Olav Oma og kyrkjeverje Harald Rydland bar fram helsing frå kyrkjelyden og tidlegare kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu var òg framme på talarstolen med godord til Fridleif som han kjenner godt ifrå før. I tillegg nytta einskilde folk i kyrkjelyden høvet til å gje Lydersen gode ord med på vegen.

– Alt i alt ein flott dag, og kjempegod start for Fridleif, konkluderer Harald Rydland.

Bøn i samband med innsetjinga. F.v. Nobukazu Imazu, Sigrid Fangel, Harald Rydland, Fridleif Lydersen og Olav Oma. Foto: Håkon C. Hartvedt