Gjensyn med gamle fitjarband

Illustrasjonsfoto: 12. mars vert det gjensym med Country Boys. Foto: Privat

– Laurdag 12. mars blir vårens store mimrefest!  Det seier Årstein Tislevoll til fitjarposten.no. Han jobbar no iherdig med å stable på beina, og å få på scenen flest mogeleg fitjarband/songarar som har vore aktive dei siste 40 åra.

– Nokre band er allereie på plass, seier Årstein og fortel:

– Mellom anna har me fått med oss det  legendariske fitjarbandet «Propp». 

Det blir òg gjensyn med Toradertuppene og eit gamalt band som kallar seg for 3pils. 

Vidare vert Bjørn Helland, Audun Sætre og Edith Helland å sjå på scenen. Men lista er enno ikkje fullstendig….

– –

Uansett startar det heile ut på kvelden 12. mars –  med aldersgrense på 20 år.

OBS!
Me kom i skade for å skrive at Revivals skulle vere med på mimrefesten. Det skal dei ikkje. Dei skal markere 15-års-jubileum seinare i mars. Det vil me kome tilbake til.