Næringlivsinnspel for akuttavdelinga på Stord sjukehus

 

Illustrasjonsfoto: FP-arkiv/HCH

Representantar for næringslivet i Sunnhordland vil slå eit slag for å bevare den akuttkirurgiske beredskapen ved Stord sjukehus. Mellom anna vil ein å få lagd ein infofilm som får fram fakta og konsekvensar ved fjerning av denne funksjonen.

For å få dekke utgiftene til denne filmen har dei sendt ut følgjande oppmoding til det øvrige næringslivet:

Klokka tikkar for akuttberedskapen på Stord sjukehus

– invitasjon til næringslivet i regionen

Helseminister Bent Høie har gjennom Nasjonal Helse- og Sjukehusplan føreslått å fjerna den akuttkirurgiske beredskapen på Stord sjukehus, noko som vil gje store negative konsekvensar for helsetilbodet i Sunnhordland.  

Representantar frå næringslivet har tatt opp den viktige kampen. No treng me di hjelp for å påverka prosesser som skal få Stord sjukehus, som eitt av fem lokalsjukehus, ut av denne kuttlista – slik at me tek vare på akuttberedskapen ved sjukehuset vårt. Det nærmar seg innstillingar og vedtak, og det er no me skal sikra eit godt sjukehus for våre innbyggjarar og framtida til denne aktive og verdiskapande regionen!  

Med god hjelp frå lokal fagekspertise, helsepersonell og eit engasjert næringsliv, jobbar initiativtakarane for å gjera viktig og reell informasjon kjent for styresmakter, politikarar, presse, og ikkje minst innbyggjarane i Sunnhordland. Gode innspel frå sjukehusmiljøet har vore uunnverlege, og sentrale i dette arbeidet har vore Bodo Günther – overlege kirurgisk avdeling,  Ragnhild Nonås Fylkesnes – intensivsjukepleiar,   Kim Phillips Olsen – spesialistsjukepleiar/verneombod og Ann Catherine Skaar – overlege anestesi / tillitsvald for legeforeininga.

Infofilm
Me produserer no ein informasjonsfilm som får fram fakta og konsekvensar ved fjerning av akuttkirurgien på Stord sjukehus. Filmen vil bli gjort tilgjengeleg og spreidd via Facebook og andre sosiale medium, samt sendt til politikarar, avgjerdstakarar og presse. 

Zpirit AS ved Oddvar Hårde er engasjert i arbeidet med å laga manus og produsera informasjonsfilmen. Prosjektet har ein prislapp på oppunder kr. 200 000,- og skal visa både faglege og samfunnsmessige konsekvensar av å mista akuttkirurgien. 

Dei første sponsorane er på plass, med bidrag frå et samfunnsengasjert næringsliv.  Skript og filmmanus er produsert, og sjølve filminga tar snart til. Du må gjerne ta ein kikk på eit liknande prosjekt som er gjort for Sunnhordlandsdiagonalen AS, om du ønskjer å danna deg eit bilete av konseptleisten for prosjektet vårt: www.sunnhordlandsdiagonalen.no

Me håpar du og di bedrift vil bli ein del av prosjektet og initiativet, og at du ønskjer å står saman med næringslivet i regionen for å bevare akuttberedskapen ved Stord sjukehus gjennom å bidra økonomisk til produksjon av denne filmen. Me ser oss om etter fem hovudsponsorar som går inn med kr. 25 000,- , 10 sponsorer med kr. 10.000,- , samt andre bidrag med minimum kr. 3 000,-.

Filmen skal vera ferdig produsert innan 14  dagar, så det hastar med kjappe avgjerder og gode bidrag. Me tillèt oss å følgja opp på telefon, men om avgjerda om å vera med på laget allereie er teken så hiv deg med og send oss di tilbakemelding i dag. Har de spørsmål, så ta gjerne kontakt.

Med beste helsing

Kjell Fylkesnes – 901 84 040                                                Vibecke Beyer – 922 08 903

kjell.fylkesnes@fylkesnesbil.no                                           vibecke@pacta.as

 

 

Ja,  me er med:

Hovudsponsor                      kr. 25 000,-     Kryss her:……….

Sponsor                                 kr.  10 000,-    Kryss her:………..

Bidragsytar minimum          kr.    3 000,-    Ønskjer bidra med kr. ………….. 

 

Faktura blir tilsendt direkte frå Zpirit med tillegg av moms (kan utgiftsførast).

Bedriftene som viser dette flotte samfunnsansvaret vert profilert med logo i filmen!

 

Firma navn:               …………………………………

Kontakt person:        …………………………………

 

Håper på mange gode bidrag! Ikkje la Nasjonal Helse- og Sjukehusplan bli byrjinga på slutten for eit trygt helsetilbod og lokalsjukehus!

 

Svarskjema kan sendes på e-post til:

kjell.fylkesnes@fylkesnesbil.no  eller vibecke@pacta.as