Attval i Sogelaget

Å syne fram gamle bilete er ei viktig sak for Sogelaget, slik òg på årsmøtet i går. Illustrasjonsbiletet ovanfor er innlevert av Hans Breivik. På baksida står det:«Til Engeborg Warky Breivik. Erindring fra Anna og Martin Havn paa gjebursdagen 22-9-17»

Det vart attval «over ei låg sko» då Fitjar Sogelag hadde årsmøte på Seniorsenteret i går.

Når det òg vart bestemt at

Bård Inge Bø skal halde fram som leiar, seier styret i sogelaget framleis slik ut:

Leiar: Bård Inge Bø

Kasserar: Martha Eidet Helland

Skrivar: Magnar Kloster

Styremedlemer.: Alf Gjøsæter, Harald Westerheim, Leif Rune Vestvik og Rasmus Fitjar.

Revisor: Johannes Sandvik

God aktivitet
I 2015 hadde laget fem styremøte + Årsmøte. Laget har 33 medlemmer og over 683 følgjarar på Facebook. 

Når det gjeld prosjekt laget har medverka i er følgjande nemt i årsmeldinga:

o Utstilling på Losje-huset (29.09 – 04.10) i samband med vitjing av Frank Årebrot i Kulturhuset.

o Dugnader på Svelto.

o Fitjar sogelag, gjennom Venelaget for Longøyo, var med å sikra tilgang for ålmenta på Longøyo i 2015. Dei fekk god hjelp frå Friluftsrådet. 

o Utgjeving av «Fitjarminne 2015».

Kontingent
Det vart elles vedteke at kontingenten no skal vere  250 kr. Men då er  «Fitjarminne»  inkludert i kontingenten.

Mange gamle bilete
– Harald Westerheim har registrert og systematisert mykje bilete frå ymse kjelder.
Han synte ein del av desse gamle bileta frå Fitjar, både av landskap, flyfoto, tun og personar.
Bileta var interessante og var utgangspunkt for den gode drøsen gjennom matøkta og etterpå, heiter det til slutt i årsmeldinga frå Fitjar Sogelag.

 

 

 

Magnar Kloster