Tilrår 16 nye flyktningar

 Terje Træet (H) vann fram med framlegget til Ap og H i Utval for omsorg og oppvekst i dag. Arkivfoto: FP/HCH

Fylkesmannen kom i november 2015 med oppmoding om å auke talet på busetjing av flyktningar. I dag var saka oppe i Utval for oppvekst og omsorg.

Før avstemminga låg det føre to framlegg. Det eine frå rådmannen, og det andre frå Terje Træet som representant frå H og Ap.

I rådmannen sitt framlegg låg det inne 22 flyktningar – familiar pluss 4-6 einslege mindreårige.

I framlegget frå H og Ap var dei einslege ikkje med, men det var dette framlegget som fekk fleirtal mot 1 røyst (KrF).

Tilråding
Utval for oppvekst og omsorg rår då kommunestyret til å gjere følgjande vedtak:

Kommunestyret vedtek busetjing av flyktningar som fylgjer:

Kommunen kan busetja 3-4 familiar – 16 flyktningar.

Manglande erfaring, økonomi og små ressursar gjer at Fitjar kommune ikkje kan busetje einslege mindreårige. Dette vil krevje at ein må byggje opp eit heilt eige apparat.

Kommunestyret opprettheld vedtaket om å busetja 10 flyktningar i 2017, og ein held fram med å busetje familiar innanfor denne ramma. Når ein får hausta erfaring med busetjing av flyktningar, kan ein opne for å vurdera å busetja fleire.