Oppfordra til engasjement for akuttkirurgien ved Stord sjukehus

Illustrasjonsfoto: FP-arkiv/HCH

Oppfordra til engasjement for akuttkirurgien ved Stord sjukehus

I møtet i Utval for oppvekst og omsorg i dag oppfordra leiar Grete Marit Veka Maraas dei andre utvalsmedlemane til å slå eit slag for akuttkirurgien ved Stord Sjukehus.

 – La oss engasjere oss via våre partigrupper i saka om framlegg til nedlegging av akuttkirurgien ved Stord sjukehus, sa ho. 

Saka vart teken opp under ymse, og ordførar Wenche Tislevoll kunne vidare orientere utvalet om at det er sett ned ei gruppe via Samarbeidsrådet som òg jobbar med denne saka.