– Modig gjort!

 

Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Både kultursjef Bente Bjelland og leiar i Fitjar firvilligsentral, Ellinor Bergesen, synes det er modig gjort av innflyttarane å stille opp slik dei gjorde under internasjonal helg. Ei helg der bygdefolket òg stilte mannsterkt opp og nye, gode venskapsband vart knytta.

I tillegg til den flotte matseansen i 2. høgda av Larsen bygget på laurdag, vart det samling i Kultursalen og i foajeen i FKIB søndag ettermiddag. Ordførar Wenche Tislevoll helste her dei nye fitjarbuarne med ein flott Fijarpresentasjon og inkluderande tale, og ei rekkje lag- og organisasjonar markerte seg på ein svært presenterbar måte, både med å få ordet i Kultursalen og med stands i foajeen etterpå.

Om ikkje alle nye innflyttarane hadde norskkunnskapar nok til å forstå alt som ble sagt, ble dei kjent med mange smilande andlet som ønskte dei velkomen i laget sitt. Det vert i det heile rapportert om ei svært hyggeleg stemning. 

– Heilt fantastisk seier Bente Bjelland som slår fast at dette er ein suksess som må gjentakast.

Det er òg Ellinor Bergesen heilt samd i. Ho er vidare spesielt imponert over alle spontane innslaga. Som då  dei nyleg innflytta syrarane kom og fortalde at borna deira ville syngje, og Armelyn Mehammer som saman med andre fillippinarar slo til med ein moderne fillippinsk dans denne gongen òg.

Applaus til borna for fin song. Foto: Bente Bjelland

 

Filippinsk dans. Foto: Bente Bjelland

Var det mange spennande middagsrettar å smake på om laurdagen, var det ikkje mindre spennande med det store variasjonsspekteret av kaker frå forskjellige land, som vart servert søndagen – alt i ei nydeleg setting.