Innspel til møte i utval for oppvekst og omsorg
Harald Rydland. Arkivfoto: FP/HCH
Harald Rydland kjem, etter avtale med utvalsleiaren med ein del innspel til møtet i UTval for oppvekst og omsorg i morgon onsdag 9. februar. Innspela kan du lese nedanfor.
Symjeplan for skulane i Fitjar.
At denne planen no skal reviderast er positivt. Før ein går i gang med arbeidet bør det gjennomførast ei kartlegging som m.a. tek for seg:
1. Kor mykje symjeundervisning elevane på dei ulike årstrinna på dei tre skulane våre får etter gjeldande plan og budsjett. Her må det reknast effektive timar i bassenget.
2. Kor mange elevar frå 5. årstrinn og oppover på dei ulike skulane som ikkje har den symjedugleiken dei skal ha i høve til målet som er sett.
Denne kartlegging må leggjast fram til drøfting i utvalet på neste møte, slik at det er råd å komma med innspel før arbeidet med revisjonen vert starta.
Den offentlege tannhelsetenesta i Fitjar
Etter at fylkeskommunen sin tannklinikk vart lagd ned i Fitjar, har born, foreldre, sjuke og eldre fått eit langt dårlegare tilbod med lengre reiser og meir tidsbruk.
Eg ynskjer no at det politiske miljøet i Fitjar skal arbeida for å få etablert ei forsøksordning i Fitjar, der det offentlege kan samarbeida med ein privat klinikk om tenester for dei som har rett på gratis tannlege. Når me no ser kor mange klinikkar fylkestannlegen har planar om å leggja ned andre stader rundt i fylket, kan det vera aktuelt fleire stader å tenkja nytt om tannhelse. Fitjar ville vera ein ypperleg stad å prøva ut noko slikt.
No har eg registret at det i samband med den pågåande kommunereforma, (som etter kvart ikkje liknar på noko reform) er teke til orde for at kommunane i framtida skal overta ansvaret for tannhelse. Så vagt som dette er og så langt det ligg fram i tid, gjer at me i Fitjar bør prøva å få gode ordingar på plass for innbyggjarane uavhengig av arbeidet med kommunereform.
På møte i utvalet ynskjer eg å høyra om det er stemning for å arbeida vidare med noko slikt.