Trafikkulukke ved Sjoarreset

 

Rett etter klokka 20 søndag kveld køyrde ein bil utfor vegen ved Sjoarreset.

  

Politiet opplyser at det var eit einsleg køyretøy som køyrde utfor vegen, og den eldre mannen som sat i bilen er sendt på sjukehus for observasjon. Det er så langt ikkje kjent korleis ulukka skjedde, men politiet opplyser at bilen framstår som nær uskadd etter utforkøyringa.