Lommebok funne

 

– Me har funne ei lommebok med diverse kort og nokre pengar i innkøyrsla til Midtfjellet Vindpark, skriv nokre av lesarane våre.

I lommeboka låg det mellom anna eit ID-kort. Fitjarposten har eit skikkeleg  bilete av det, men ovanfor er det litt retusjert. Om nokon meiner at det er deira lommebok bør dei mellom anna kunne forklare kva det fulle namnet som står på ID-kortet er – i tillegg til at ein bør sjå ut omtrent som på biletet som me òg har retusjert.

Ta kontakt med fitjarposten på 481 51 491 om du veit noko meir om dette.

Siste: Lommeboka sin eigarmann er no funnen. Fitjarposten er glad for å kunne hjelpe til i slike saker 🙂