Mykje folk og gode smakar

Ausra Jusciene og Inga Vilkaitiene med vesle Amelija på to år og tre månader serverte mat frå Lithauen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Stuvande fullt med folk og mange herlege smakar møtte oss i 2. høgda i Larsenbygda i dag. Ein flott start på internasjonal helg.

Like oppfor trappa møtte me på Ausra Jusciene og Inga Vilkaitiene med vesle Amelija på to år og tre månader. Inga og Ausra som kjem frå Lithauen har vore busett på Fitjar i fire år. Dei  serverte kanapear med ymse typar sild og med egg og ost. Nydeleg godt, spør du oss.

Thibaot Cazaorang kjem opprinneleg frå Frankrike, men har budd mange år i Spania der kona Miriam Caosape er ifrå. Hjå dei fekk me smake kjøttretten albondigas, spanske kjøttbollar med spennande krydder og saus.

Thibaot Cazaorang og kona Caosape med vesle Eric serverte ein spansk kjøttbollerett. Foto: Håkon C. Hartvedt

Litt lenger borte fann me eit heilt bord med syriske og palestinske rettar.  Og slik kunne me fortsett… Utruleg mykje godt både for auga og ganen.

Mykje godt på bordet med syrisk og palestinsk mat. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein del oppskrifter fekk me òg med oss, så får me sjå om me får til å lage noko av det spennande me fekk smake på i dag.

Mange folk var i 2. høgda hos Larsen i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

 Noko av det som vart servert var me godt kjend med. Fitjarbygdekvinnelag skal ha ros for å fremje norsk mat på ein god måte ved å servere rømmegraut med spekepølse, rosiner og kanel. Foto: Privat

– –

Internasjonal helg fortset i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg i morgon frå kl 16.00…