Asfalt som avtalt

Prosjektformann Leif Inge Haukås og prosjektleiar Johnny Stadheim. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tittelen er mykje av slagordet til Johnny Stadheim. Fitjarbuen er prosjektleiar for Lemminkäinen sitt Stordkontor og organiserer asfaltjobbar i heile Sunnhordland – og delar av Rogaland med.

Etter nokre år med pendling til kontor i Haugesund får Johnny no nye kontorfasilitetar i Wärtsilä-bygget på Heiane. Kontora han og nytilsett prosjektformann, Leif Inge Haukås,  skal ha er enno ikkje ferdigstilt. Det vert dei i mars. Førebels har dei midlertidige kontor i same bygg.

Johnny sin jobb som prosjektleiar er å vere ute og sjå på potensielle jobbar, drifte arbeidslaga som er ute og rekne på tilbod. Av og til i millionklassen.

Til vanleg styrer han fire asfaltlag på fem mann. I sesongtoppane køyrer dei på med eit ekstra. I tilknytning til desse leigar dei inn 12 lastebilar for transporten. Nyleg har dei  tilsett ein transportkoordinator som skal ta seg av denne delen av arbeidet..

No som Johnny har fått med seg Leif Inge Haukås på laget, tek han seg av Sunnhordland pluss Odda og Hardanger medan Leif Inge har ansvaret for Karmsund og innover mot Sauda og Suldal.

Heile året – og til kven som helst
Asfalt kan dei leggje heile året får me vite. Kuldegradar er ingen hindring, men dei legg sjølvsagt ikkje asfalt på snø.
Kundane er alt ifrå entreprenørar, kommunar, firma og private. Så har du ein veg du har lyst til å få asfaltert er det berre å ta kontakt med Johnny. Dei gjer òg grunnarbeidet for deg om du vil betale ekstra for det.

Med Wärtsilâbygget i bakgrunnen. – Me har skrive fleirårig leigekontrakt med dei, seier Johnny Stadheim. Foto: Håkon C. Hartvedt