– Ikkje greitt, men..

Avdelingsbanksjef Ingrid Vestbøstad vil framleis jobbe til beste for Fitjarbygda. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det er ikkje greitt, men sånn er det, seier avdelingsbanksjef Ingrid Vestbøstad i ein kommentar til nedlegginga av Sparebanken Vest si avdeling i Fitjar.

Lokalt visste dei ikkje noko om nedlegginga før meldinga kom frå sentralt hald. Dei veit heller ikkje om dei har vidare jobb i banken når 100 årsverk skal kuttast.

Men dei tilsette på Fitjar har lang ansiennitet og vonar det slik sett er von i hangande snøre.

– Om nedlegginga kom utan førevarsel, var det likevel ikkje heilt uventa. Men har jo sett utviklinga med tekniske løysingar der folk meir og meir utfører banktenestene på pc, nettbrett og mobil, og hadde vel ei kjensle av at det kunne gå sli,  legg Ingrid til.

Framleis jobba for Fitjar
–  Eg seier til kundane mine at dei framleis kan nå meg på same telefonnummer og mail, og at eg framleis vil jobbe for at banken skal bidra med støtte til lag- og organisasjonar i Fitjar. Me har jo vore ein viktig institusjon i bygda i 150 år, seier avdelingsbanksjef Ingrid Vestbøstad, til slutt.