Gode tal for Hordaland

 

 Illustrasjonsfoto:FP/HCH

Fitjarposten skreiv nyleg om sterk auke i trafikkdrepne i januar på landsbasis. For Hordaland er tala derimot positive, melder MA.

Tidlegare har Hordaland vore eit verstingfylke når det gjelder trafikkdød. Men i fjor sank talet, og i januar i år har den positive trenden fortsett med at ingen har omkome på vegane i fylket. Ei gledeleg månads-oppfylling av nullvisjonen, som alle dagleg må bidra til å vidareføre ved å køyre rusfritt, avpasse farten og bruke belte, understrekar MA. 

– Kampen mot trafikkulykker må utkjempast hele tida. Og nullvisjonen omfattar ikkje berre at ingen skal dø på vegane, men òg at ingen skal bli hardt skadd, seier Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, fung. generalsekretær i MA- rusfri trafikk og livsstil.

Null i to år
På landsbasis var det, som fitjarposten.no tidlegare har skrive, 14 som døyde på vegane i januar i år mot seks i 2015. Dette understrekar den negative utviklinga dei siste tre månadene, der det har vore ei fordobling.

Frå 11 drepne i 2014 vart talet på  trafikkofre i Hordaland redusert til åtte i 2015. Diverre måtte fylket tåle ei avslutning på fjoråret med heile 3 dødsulykker i desember. At ingen vart drepne i januar i år er som nemnt på linje med ulykkestalet frå januar i fjor.