Bussjåfør i klem ved Sandvikvåg
Sandvikvåg. Arkivfoto:FP/HCH
Naudetatane rykte i ettermiddag ut ti E39 like ved Sandvikvåg. Ein bussjåfør hadde kome i klem under bussen då han skulle leggje på kjetting.
Det synte seg at bussjåføren hadde fått brotskadar i begge armane og i ei hand. Han vart frakta til sjukehus av luftambulansen, men var ikkje kritisk skadd.