– Meir arbeid i år

Brøyteveteran Tore Sigrd Fitjar. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det har vore mykje meir arbeid med brøyting i år enn i fjor og i forfjor. Det seier Tore Sigurd Fitjar til fitjarposten.no.

Fitjar fortel elles at folk er blitt mykje flinkare til å halde bilane ute av vegen når brøytebilen kjem. Dette var eit problem for eit par år sidan, men Fitjar er godt nøgd med den situasjonen no.

Derimot er det for mange bilar som tar litt for store sjansar i møte med brøyt-en. 

– Av og til krev forholda at dei bør stoppa eller vike unna når me kjem, men det er slett ikkje alltid dei gjer det. Det dei då bør tenkje på at er at om eg treff eg ein isvull kan plogen lett slå ut til sidan,  og då kan det gå gale om dei er for nær, seier Tore Sigurd Fitjar, til slutt.

Når vegen ser slik ut, utan bilar som står langs vegkanten, er det greitt å vere brøytemannskap. Foto: Håkon C. Hartvedt