Varslar om rydding langs kraftliner

 

Linjeryddarar. Illustrasjonsfoto: REN

Fitjar Kraftlag SA varslar at dei planlegg å gjennomføra rydding av skog/vegetasjon langs høg- og lågspentliner i sitt konsesjonsområde våren 2016. 

– For å kunna sikra ei stabil og trygg straumforsyning samt oppretthalda krav til persontryggleik sett av myndigheitene, er det naudsynt å rydde skog som veks under, og langs straumlinene, seier Elin Anta Erstad i Kraftlaget, og ho fortset:

– Me vil leggja opp til eit godt smarbeid med grunneigarar i ryddeprosessen, slik at ryddinga kan gjennomførast med minst mogleg ulempe for alle partar. Tre på innmark/beite vert kvista på staden og ein ryddar bort greiner. Trevirke som kan nyttast til ved, vert kappa i høvelege lengder og samla.

Ein planlegg å starta ryddinga i februar, og Kraftlaget vil i løpet av våren fram mot juni gjennomføra rydding i heile konsesjonsområdet. Arbeidet vert utført manuelt med motor-/ryddesag.

– Vi ber om at grunneigarar som har pryd-trær, buskar eller annan vegetasjon som må ryddast på ein særskild måte om å kontakta Kraftlaget. Dette gjeld også der areal under høgspentliner vert nytta til juletreproduksjon, seier Erstad, til slutt.

Ved spørsmål til Kraftlaget ta kontakt på telefon: 53 45 76 00