Lesarinnlegg frå Nils Vestbøstad

Nils Vestbøstad har sendt oss eit lesarinnlegg som du kan lese nedanfor.

Æra far din og mor di!!

Laurdag opplevde mange kufteutstillingen i kulturhuset. Ein god del fekk også med seg eit sprudlande foredrag av den omreisande kufteberaren.

Min tanke då ho fekk ordet, var: Hu der må me skru ned farten på!! Men heldigvis heldt ho «Koken til  the bitter end!! Hadde det vore ei slik som startar med å dra ein lang eeeeeee, og fortset å eeeea gjennom heile foredraget, hadde det våre midnatt før ho vart ferdig. Eg vart ganske tørr i munnen av å høyra på. Eg nytte det!!

Eg sa til Petra, etter å ha sett det store utvalet, som var utstilt : – Ein ting er å sjå trøyene på ein hengar, noko heilt anna, å sjå dei i bruk! Kva med ein kufteparade?

I natt eg tenkte noko som eg aldri har tenkt før. No før Fitjar vert sletta , bør me byggja vår eigen identitet så me ikkje forsvinn i den grå massen.

!4. februar er det morsdag. No har me høve til å gjera morsdag til koftedag, der alle som viser seg i det offentlege rom, tek strikkatrøyo på! Det er mange som har fleir, så dersom du skulle vera så «uformuande» at du ikkje har strikkatrøya, kan du sikkert få låna ei den timen-halvannan, som forestillingen varer.

I folkeskulen song be fleire songar, der me æra mor, alt ho var for oss og alt ho gav oss. 

No kan me syna vår takksemd til mødre, søstre, ektefeller og svigerdøtre som har strikka trøyer til oss. Serleg me mannfolk bør gjera oss «utåhyses», og ta trøya på på morsdagen.

Er du av dei som helst vil ha på deg slikt som er ut og nedringa like til navlen, kan det vera kledeleg å ha på ei strikkatrøya, til å trekkja føre dersom «atributtane» får sleng på seg.

Finn fram trøyena dykkar, Edvard og Ola, tilliks med hammar og brekkjern, no når Gullhjelmen skal takast ned!!

Nils Vestbøstad