Klart for internasjonalt treff og innbyggjartreff

I helga er det igjen duka for Internasjonal helg og innbyggjartreff i Fitjar. Treff som har vore særs suksessrike dei åra dei har vore tidlegare.


Laurdag 6. februar  er det i 2. høgda i Larsenbygget det skjer. Frå kl 11.00 – 13.00 har du høve til å smake på nasjonale rettar frå mange forskjellige land der.

Oppskrifter får du med.


Sundag 7. februar kl. 16.00 vert det innbyggjarfest for alle 
i Kultursalen, Fitjar Kultur og idrettsbygg.

Av programmet nemner me:

  • 
Velkomst for nye innbyggjarar v/ ordførar
  • Kulturopplevingar frå ulike land
  • Stands lag og organisasjonar
  • Internasjonalt kakebord
  • Ope bibliotek 


– Alle arrangement er opne for alle og er gratis. Håpar DU tek turen! seier Ellinor Bergsen i Fitjar frivilligsentral som saman med Fitjar kommune/kulturkontor, SPAR Fitjar og Fitjar bygdevinnelag står som arrangør for det heile.