Sauer med dårleg samvit?

Illustrasjonsfoto: FP-arkiv/BS

Av og til er det til avveksling moro å lese twittermeldingane frå politiet. Slik òg i dag.

Her er det dei skreiv på twitter for ein halv time sidan:

«Heiane, Stord: 2 sauer stakk av da de skulle inn i slaktebilen. Ta kontakt dersom du ser et par sauer med dårlig samvittighet.»

Vel, om dei har dårleg samvit eller ikkje, må me jo innrømme at me har ein viss sympati med sauene som kanskje hadde tankar om kva veg det bar, om dei gjekk inn i slaktebilen.