Nye Stord?

Utflytta fitjarbu, Bjørn Harald Rydland, har sendt innspel om kommunesamanslåinga der han lurer på om ikkje den nye kommunen bør heite «Nye Stord».

Han skriv: «Eg håpa at navnet på den sammenslåtte kommunen ikkje blir Stord, men for eksempel «Nye Stord». Då vil turister spørja, korfor nye ? Fordi landsbyen Fitjar er blitt inkludert. Så går vi ikkje i gløymebokjo, og endar opp i Sunnhordland som «Det var den gong».

Innspelet vart sendt både til fitjarposten og ordførar Wencke Tislevoll, og ordføraren kommenterer dette slik:

«Ved ei samanslåing med Stord og Fitjar er det naturleg at kommunen blir heitande Stord.  Alle bur me på øya Stord.  Det er også noko med at Stord er eit kjent namn, og det har sin verdi.  Hadde det vore fleire kommunar som hadde valt å slå seg saman ville nok namnet blitt Sunnhordland.  

 Elles er eg svært glad for at dette engasjerer, og me mottar sjølvsagt alle innspel med takk ! »