Nye infoskilt på kyrkjegarden

 Kyrkjeverje Harald Rydland med eitt av skilta. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nye informasjonsskilt skal gjere det lettare å finne fram på kyrkjegarden. Ikkje minst om ein har ein smarttelefon som kan lese QR-kode.

Nye opplysningsskilt vert med det første sett opp ved alle inngangane til kyrkjegarden. Her kan ein sjå at kyrkjegarden delt inn i felt, slik du ser det på skiltet som kyrkjeverje Harald Rydland (biletet ovanfor) held i hendene. 

Med smarttelefonen kan du så  lese av QR-koden. Då kjem du rett inn på ei nettside, som du sjølvsagt òg kjem inn på ved å skrive inn webadressa på telefon, nettbrett eller datamaskin.

På denne sida kan du vidare søkje på namn og finne ut i kva for felt og kva for rad grava du søkjer etter ligg.

– Då er det nyttig å vite at radene i kvart felt er rekna frå den delen av feltet som ligg nærast Fitjar sentrum og oppover. Dvs. rad 1 i kvart felt ligg alltid nærast Fitjar sentrum, fortel Harald Rydland. Nummeret på grava tel ein frå høgre mot venstre.

Kyrkjeverja fortel elles at ei grav er freda i 20 år. Deretter kan ein betala for å få ha grava i 10 år om gongen, fram til 60 år etter gravlegging. 

Etter dette kan grava takast i bruk på nytt om ein treng plassen. Dei pårørande vert då varsla om dette på førehand.  Sidan det til no ikkje har vore plassmangel, er det fleire graver som er eldre enn dette på kyrkjegarden hos oss, seier Rydland, til slutt.