Smekkfullt hus igjen

Formann i Osternes Mannskor, Karvel Strømme, kan gle seg over tre fulle hus med kabaraten «Norge Rundt». Foto: Håkon C. Hartvedt

To gonger i haust fylte publikum Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg med kabareten «Norge Rundt». I går kveld skjedde det igjen. – Me slår Vassendgutane med 200 – utan noko åttåt, smiler ein svært nøgd korformann, Karvel Strømme.

Fitjarposten som har skrive om framsyninga før, var denne gongen innom litt på førehand og fekk med seg den gode tonen som òg har prega øvingane. 

Ole Christian Ottestad er både dirigent og regissør og finpussa akkurat då på den svært humørfylte  scena med Alf Træet og Martin Hatlevik. Og løye vart det. Så løye at regissøren sjølv måtte la latteren få flyte fritt.

Dirigent og regissør Ole Christian Ottestad gjev seg ende over av ablegøyane til Martin Hatlevik og Alf Træet før framsyninga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei tøffe vêrmeldingane hindra ikkje folk i å ta ut for å få med seg kabareten. Me snakka med fleire stordafolk som hadde teke turen, og store forventingar hadde dei.

Og ikkje trur me at dei vart skuffa…