Koftesuksess

– Fantastisk. Her er det ei mengd med mønstre og ferdige kofter me ikkje har sett før. Det seier Signe Stangeland og Solveig Salamonsen som gler seg storleg over kofteutstillinga i foajeen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Foto: Håkon C. Hartvedt

Utstillinga varer til kl 20.00 i kveld, og kl 17.00 i det kofteføredrag.

Det er Fitjar Husflidslag og Fitjar folkebibliotek som saman står for utstillinga, og leiar i Fitjar Husflislag Petra Espevoll er òg svært nøgd. På Bømlo hadde dei mellom 70 og 80 kofter på utstillinga si.  – Då er det strålande at me har fått inn over 100. Folk har vore svært velvillige og kome med kofter, smiler ho. Også Espevoll fann mange koftemønstre ho aldri hadde sett før, og Signe Stangeland vart særs begeistra for ei kofte som var laga som biletvev.

Utstillinga opna kl 17.00 i går kveld. Men mange kofter kom inn etter det. Petra Espevoll registrerte. Foto: Håkon C. Hartvedt

Eit stort utval av kofter er kome inn til utstillinga som har ope til kl 20.00 i kveld. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange av dei som skulle på kabareten til mannskoret fekk òg med seg kofteutstillinga – og syntest det var ein kjekk bonus å få med seg.