Slapp med skrekken

REMA 1000 sine banner i stram giv akt i den sterke vinden. Banneret til høgre har rive seg laust og flagrar vassrett i vinden. Foto: Håkon C. Hartvedt

Når me ser kva herjingar «Tor» har gjort lenger nord i landet. Må vi seie at me slapp billeg ifrå det her på øya. Det kunne gått så mykje verre.

Fitjarposten har ikkje fått meldingar om øydeleggingar, og me kunne heller ikkje observere nok slikt då me var ein runde ute i går ettermiddag. Det einaste me kunne sjå som resultat av stormen var ein bardun på eit av REMA 1000 sine banner som hadde slitt seg. (Så biletet ovanfor)

Gjev oss gjerne melding om du har observert noko anna.