Falsk el-kjøp-melding

Nordmenn over heile opplever no tekstmeldingar der det ser ut som dei har vunne ein TV frå Elkjøp. – Dette kommer ikkje frå oss. Slett SMS-en umiddelbart, er meldinga frå elektrokjeden.

I tekstmeldinga vert det gjort inntrykk av at ein er valt ut til å motta ein 55-tommars UHD-TV frå Samsung, og det blir oppgjeve ein link som ein må trykke på for å sikre seg premien.

– Dette er slett ikkje noko vi står bak, og vi oppfordrar nordmenn til å slette desse tekstmeldingane med det same ein får dei. Vi ville aldri gått fram på ein slik useriøs måte eller brukt metodar som dette. Det er både trist og uheldig at nokon nyttar seg av vår merkevare og vårt namn for å forsøke å lure nordmenn på denne måten. Dette er ikkje noko anna enn svindel, seier Atle Bakke, som er administrarende direktør i Elkjøp Norge.

Slett om du får ein slik mail. Ikkje trykk bekreft.