Viktig oppmoding frå Fitjar kraftlag

Fitjar kraftlag har sendt oss oppmodinga som følgjer nedanfor.

Me vil be folk om å vera ekstra merksame for fare ved eventuelle hendingar med luftlinjenett under ekstreme vindforhold og ber alle ta omsyn til dette:

•Leidningar som har falle ned, må ikkje rørast og ein må halde god avstand.

•Tre og andre gjenstander som ligg over leidningar må ikkje rørast og ein må halde god avstand.

•Berøring av leidningar og tre/gjenstander i berøring med leidningar kan vera livsfarleg!

•Nettselskap / elverk må varslast dersom situasjonar som nemnt ovanfor vert observert.

 Vakttelefonnummeret vårt er: 53 45 76 10.