Kyrkjelydstur til Helgatun

– Tradisjonen tro vert det kyrkjelydstur til Helgatun i vår. Sett av 1.-3.april; ta med deg born, besteforeldre, foreldre, kjæreste, vener eller naboen… og kom!, heiter det på nettsida til Fitjar kyrkjelyd.

– Denne helga vert fylt av mykje kjekt sosialt samvær. Du kan rekne med å le, få stå på ski, ete god mat og vere saman med andre. Denne helga er det framleis truleg bra med snø i Myrkdalen, og du får sjølvsagt velje om du vil stå i bakken eller ta med deg langrennsski, heiter det vidare.

Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense, alle er hjarteleg velkomne til å vere med.