Tilfellet Inge Eidsvåg

 

I Fitjar kyrkje torsdag kveld, fortalte Inge Eidsvåg gjenkjenneleg om si eiga veksling mellom tru og tvil.

 

 

Inge Eidsvåg starta med å leggja premissen for det han ville fortelja. Han rekna med hans vandring frå eit sterk og tydeleg kristendom i små kår i oppveksten og fram til i dag, ville vera ganske typisk for etterkrigsgenerasjonen, og med det i tankane hadde han skrive sitt eige trusliv i boka «Underveis. En vandring i landskapet mellom tro og tvil».

 

Med utgangspunkt i eigne opplevingar av korleis hans eige livssyn har endra seg etter som livet har spelt inn, fekk dei frammøtte på temakvelden eit fascinerande og nært møte med Inge Eidsvåg og hans vandring frå ein oppvekst i små kår på Hitra med tydeleg kristendom og vekking, møtet den store verda då han flytta til Trondheim og fram til i dag, der han set merkelappen «kristen agnostikar» på sitt eige livssyn. Ein agnostikar er ein som ikkje veit om Gud finst, men som merkelappen tilseier, vil ikkje Eidsvåg gje opp innhaldet, sjølv om han ikkje kan slutta seg til alt som ligg i omgrepet «personleg kristen».

 

Eidsvåg fortalte at det særleg er Jesus-figuren i kristendommen han er tiltrekt av. Men han peika også på at religion har eit janusandlet; den kan brukast til både det gode og det vonde. Midt i alt dette, er det likevel noko Eidsvåg ikkje ville gje slepp på. Mellom fleire som uttrykte det same, viste han til den svenske forfattaren Pär Lagerkvist, som hadde ein liknande bakgrunn som hans sjølv. Lagerkvist gjorde også eit opprør mot kristendommen han hadde vakse opp med, men klarte likevel ikkje å slutta å venda seg til ein gud han ikkje trudde på.

 

Siste kapitlet i boka Eidsvåg tok utgansgspunkt i, formulerte han at livssyn ikkje i regelen ikkje er noko som er sett i betong, men noko som endrar seg undervegs i livet, i landskapet mellom tru og tvil.