Best å vere inne når «Tor» kjem herjande

 

Frå twittersida Meteorologene.

Folk blir fraråda å være ute når ekstremvêret «Tor» slår til i ettermiddag.

 Det ventast vindkast på 35 – 55 m/s og bølgjer på 12-13 m like utanfor oss. I vårt område ventast uveret å herje frå fredag ettermiddag til laurdag morgon.

Best å halde seg inne
Trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen vest seier til bt.no at han har en klinkende klar og enkel anbefaling for fredag ettermiddag og kveld.

– Hald deg inne!

– Folk bør halde seg heime og innandørs. Det blir farleg. Både bruar, ferjestrekningar og fjellovergangar kan bli stengt. Og då er du fort litt sjakk matt her på Vestlandet, seier Sleire.

Les meir og sjå video på twittersida meteorologene.