Utdanningsmesse – med bringebærsmak og stipend

 

 Smak alt det gode frå Bringebæret, oppmoda elevane frå Fitjar Vidaregåande, f.v. Margrete Rusten, Kristine Marie Saue og Olve Akselsen. Foto: Steinar Hystad, Stordnytt

Fitjar er blitt landskjend for gode bringebær, og ein kan slett ikkje sjå bort frå det faktum at bygda også vil bli kjend for utnytting av den gode smaken til det raude freistande bæret.

Elevar ved Fitjar vidaregåande har nemleg skipa ungdomsbedrifta Bringebæret der siktemålet er å ta vare på og utnytta – nettopp bringebæret. Det har elevane gjort mellom anna med å utvikla eit eige bringebærsalt (til t.d. fociabrød) og ein aldeles herleg bringebærkaramell og ymse anna godt. Smaksprøvar på godbitane vert servert på Fitjar Vgs sin stand på Utdanningsmessa på Vikahaugane i dag onsdag og torsdag.

Dette er tjuesjette gong Rotary står for arrangementet som i løpet av dagane vil ha besøk av nær 3000 elevar frå Sunnhordland. Avgangselevar på Ungdomssteget og elevar i vidaregåande har synt gledeleg stor interesse for messa, der dei kan møta ikkje mindre enn 70 utstillarar. Mellom desse mange skular med ulikt tilbod og mange lokale verksemder som treng ung arbeidskraft.

 

Anne Margrethe Leirvik mottok utdanningsstipendet frå Magne Heimvik frå SKL og presidenten i Stord Rotary Håkon Frode Særsten. Foto: Steinar Hystad, Stordnytt

I samband med den offisielle opninga vart Rotary/SKL sitt utdanningsstipend 2016 tildelt Anne Margrethe Leirvik (Stord/Fitjarjente frå Dåfjorden). Ho studerer ved eit universitet i Wales og skal i vår gjera ferdig bacheloroppgåva si kring det som skjer med tilsette når arbeidslivet opplever innskrenkingar grunna sviktande marknad. Lokalt har ho samarbeid med m.a. Wärsilä, der tilsette råka av svktande marknad er blitt intervjua. – Eit høgst aktuelt emne, sa juryen som peika Leirvik som stipendvinnar.

Tipset til ungdomane frå både ordførar Harry Herstad, som helsa velkomen til Stord og frå fylkesopplæringsdirektøren i Hordaland Svein L. Heggheim som opna messa var – å ta seg tid å sjå på tilboda utstillarane baud fram. Lurt også å lytta til eigne interesser – og til eigne foreldre, som slett ikkje er bortreiste, som opplæringsdirektøren uttrykke det. (Frå stordnytt.no – etter avtale)

 

70 utstillarar møter 300 ungdomar i alderen der yrkeskursen skal stakast ut. Foto: Steinar Hystad, Stordnytt