Sjøvegen med takstein

 

Kvar veke kjem båten ovanfor med takstein til Engevik & Tislevoll AS. Anten frå Årdal eller Sandnes.

Geirmund Engevik i firmaet fortel til fitjarposten.no at når det gjeld akkurat denne båten er det snakk om litt meir enn berre forretning. 

– Eg gjekk på realskulen med Kjell Bøen, den eine eigaren av firmaet, så det har ikkje berre vert forretningar, men òg mykje sosialt med han gjennom åra.

Båten heiter M/S Stordøy, og reiarlaget heiter Erling Bøen og Sønner AS.

– Stordøy ein av få båtar som leverer varer til oss. Elles kjem det meste med trailarar i dag, seier Geirmund, som gjerne vil understreke at han i alle år har vore svært nøgd med leveransane som kjem med båt frå dette reiarlaget.

På veg inn til kai ved Engevik & Tislevoll AS. Foto: Håkon C. Hartvedt