Internasjonal kunst i Galleri Losjen

Raindeerman av Lucia Herrero.

30. januar opnar kl. 15.00 opnar ordføraren ei ny, spennande utstilling i Galleri Losjen. Utstillinga har fått namnet «Halsnøy Kloster TUR-RETUR med undertittel: Verk frå internasjonale kunstnaropphald. Utstillinga vert ståande til 27. februar. 

Bakgrunnen for utstillinga er følgjande:

Sidan 2010 har Sunnhordland museum invitert internasjonale fotokunstnarar til tre vekers kunstnaropphald ved Halsnøy kloster. Til no har 34 kunstnarar frå 19 land vore valde ut til slike opphald, og dette har gjeve mange gode og spesielle opplevingar for både kunstnarar og Halsnøybuen.

I samband med utstillingar som kunstnarane har halde på klosteret i etterkant av opphaldet, har dei og donert eit verk til museet si samling. Det er eit utval frå denne flotte, nye samlinga av fotokunst Sunnhordland museum no vil dele med fleire, og inviterer difor til utstilling i Galleri Losjen i Fitjar.

Noko av filosofien bak kunstnaropphaldsprogrammet har vore å gjenoppta den kulturelle utvekslinga Halsnøy hadde med den store verda i klostertida. Slik munkane hadde sitt internasjonale kontakt – og handelsnett som gav oss dåtida sin kultur og verdiar, kjem no verda til Halsnøy, og Halsnøy syner att ute i verda.

Bilder og videoverk som er laga på Halsnøy vert stadig synt ved utstillingar i mellom anna London, Tokyo, Paris og New York. Kunstnaropphaldsprogrammet har vore mogeleg å gjennomføre på grunn av ei årviss støtte frå SKL. Seks nye spanande kunstnarar kjem til Halsnøy kloster i mai og august i år.

Danielle Voirin: Disapperance.

Dei kunstnarane som er representert på denne utstillinga er:

Danielle Voirin (USA / Frankrike)

Rosanna Salonia (Italia / USA)

Minny Lee (Sør-Korea / USA)

Sébastien van Malleghem (Belgia)

Matthew Yates (USA)

Pia Elizondo (Mexico)

Marie Docher (Frankrike)

Dan Dubowitz (Storbritannia)

Lucia Herrero (Spania)

Sylvia Ballhause (Tyskland)

Virgilio Ferreira (Portugal)

Maryse Goudreau (Canada)

Veronika Marquez (Uruguay)

– –

Verka omhandlar alt frå seriøse tema som miljø og metafysikk, via natur, og vidare mot det reint estetiske og humoristiske. Nokre har og arbeidd med utgangspunkt i museet sine samlingar. Her er både fotografi og videoverk, og utrykka er svært varierte.

Utstillinga er i samarbeid med Fitjar kommune.

Dan Dubowitz: Grandfathers Boots.