Tone i siget
Tone Brakedal i 2014. Arkivfoto: FP/HCH
Tone Brakedal representerer no Stord TIL, men Bård Inge Bø trenar ho ein god del framleis, saman med fitjarfriidretten, særleg på hopp, teknikk og spenst. – Etter korsbandskaden har ho no trent godt i snart eit år, og resultata byrjar så smått og likne på noko, seier Bø, og syner til gode resultat i helga.
Tone var med på Norna-lekene i innandørshallen på Leikvang, og synte klar framgang i forhold til førre helg.
Her er resultata ho oppnådde:
-8,17 på 6 0m og 2.plass.
-1,50 i høgde (hårfine riv på 1,55) og 3.plass med same resultat som vinnaren.
-5,01 i lengde og 2.plass
-9,35 på 60 m hekk og 2.plass
-Og ein laus 200 m på 29,52, som gav 3. plass.